Den hvite stokken skulle gi mer hjelp

  • Posted on: 5 October 2015
  • By: Thomas Haugen

Av og til leser jeg historier fra personer som har mistet livet og har ulike utfordringer på grunn av det. Mange av historiene viser med små ord hvordan hverdagen kan endres og oppleves når synstapet blir en del av livet.
Som i artikkelen under har jeg ved flere anledninger lurt på hvor mye hjelp de har fått fra de som virkelig kan det. Statped og Norges Blindeforbund. Mange ting blir veldig mye enklere med riktig og rask hjelp. Samtidig som jeg lurer på dette er jeg imponert over kvinnen som står frem og setter ord på behov hun har.

Åse Solheim opnar døra då Firda ringer på. Berre den korte vegen frå stova og ut i gangen har kosta. Etter ein hjernebløding mista ho 92 prosent av synet sitt. Og ho fekk vanskar med å gå.
Med åtte prosent syn er det mykje som blir vanskeleg, mellom anna å lese. Det er dessutan ikkje like godt med karri-krydder i alle rettar. Alt må ha sin faste plass, elles blir det vanskeleg å finne att.

- Kor mykje ser du?
- Eg kan sjå at du er mørk, men kan ikkje skilje trekka dine. Møter du meg på gata er det du som må snakke til meg, eg kjenner deg ikkje att, seier Solheim.
Lenge vegra ho seg for å få kvit stokk, det verkar så dramatisk, men etter oppfordring frå ei anna svaksynt dame, valde ho å prøve:
- Du anar ikkje kor mykje enklare det blir, sa ho til meg, seier Solheim.

Lite hjelp å få:
Då ho endeleg bestemte seg for å få kvit stokk, håpa ho på meir hjelp i kvardagen, det har ho ikkje fått.

Ho som anbefalte stokken fortalde om ei reise til England. Der hadde ho ikkje vore før, og tenkte at det kunne vere vanskeleg å finne fram, men der kom folk med ein gong dei såg stokken, for å vise veg.

- Eg meiner det trengst folkeopplysing, for her er det ingen som veit kva stokken betyr, han kunne like gjerne vore rosa.
Solheim viser til at den kvite stokken er eit internasjonalt symbol på at ein er svaksynt eller blind. Det finst ulike typar. Nokre har stokken som hjelpemiddel for å ta seg fram, andre mest for å gjere andre merksame på at personen er svaksynt.
- Det er reglar for kvit stokk. Desse burde ein forventa at folk kan, meiner Solheim.

Alt utgått å på dato:
Ho er tydeleg frustrert. Det er ikkje uvanleg å komme heim med feil varer, eller varer som er gått ut på dato. Ein gong ho hadde handla inn til påske, kunne ei som kom på besøk kaste nesten alt som var i kjøleskapet.

Å finne passande klede er utfordrande nok, om ho ikkje også skal måtte bruke tid og krefter på å leite etter butikkpersonalet.

No har ho nesten slutta å gå ut. Klede kjøper ho på postordre, eller får familien i Bergen til å sende.
- Det går med ein del klede, for dei må vaskast ofte. Som svaksynt er det veldig lett å få flekkar på kleda.
Til matvarebutikken blir det eit par turar i veka.

Slik vil ho ha det:
- Om du fekk bestemme, korleis ville du bli møtt på butikken?
- Eg vil at dei kjem bort og spør om kva eg ser etter. At dei kan vere med meg for å finne rett vare, sjekke datostempling og pris. Det same i klesbutikkar. Eg er ikkje blind, og likar å sjå litt på klede sjølve, men eg skulle ønske dei var så observante at dei hjelpte til når det trengst.
- Kva gjer du når du ikkje får hjelp?
- Nei, då går eg der berre og famlar for meg sjølv.

- Får du aldri hjelp?
- Det trur eg du kan telje på ei hand, og aldri utan å spørje først.
"Eg vil at dei kjem bort og spør kva eg ser etter. At dei kan vere med meg for å finne rett vare, sjekke datostempling og pris "

Kort om hvite stokker:
Det finst to typar kvite stokkar. Mobilitetsstokk og markeringsstokk. Begge skal gjere merksame på nedsett syn.

Mobilitetsstokken brukast av blinde og sterkt svaksynte. Den har tre funskjonar. Den skal beskytte, brukast som hjelp til å orientere seg og gjere andre merksame på at stokkbrukaren er synshemma.
Stokken er lang, minimum frå bakken til brystbeinet. Stokken blir halden i kontakt med underlaget for å gje informasjon om hindringar og farer.

Markeringsstokken er først og fremst for svaksynte. Brukarane av markeringsstokken kan i hovudsak orientere seg med synet, men brukar stokkane til å gjere andre merksame på at dei har nedsett syn.
Svaksynte som orienterer seg ved hjelp av synet opplever ofte at omgjevnadane ikkje oppfattar at dei har ei synshemming. Markeringsstokken kan bidra til at fleire viser naudsynt omsyn.

Teksten er henta frå Statleg spesialpedagogisk teneste.

Hentet fra ©

Tags: